Monday, December 15, 2008

Den vesle sola

Det var ein gong ei sol som var så veldig lita. Ja, ho var den minste sola i gata. Men ambisjonane mangla det ingenting på. Ho hadde store planar om å skine slik på himmelen at ho kom til å verte verdskjend.

Alle barna i gata til denne sola lo av henne. Dei kunne ikkje forestille seg at denne vesle sola skulle verte til noko. Spesielt månane var stygge mot henne. Alle unnateke ein måne, som òg vart erta fordi faren berre kretsa rundt Pluto og ikkje ein «ordentlig» planet. Og det var på grunn av denne vennskapen at den vesle sola fekk vere med Nix ei natt og fekk prøve seg som måne.

Men det gjekk ikkje så bra. Sola var og er fødd som ei sol. Ho skinte sånn opp rundt Pluto at astronomane byrja å krangle, og Nix heldt nesten på å miste jobben sin. Så den vesle sola hadde ikkje anna val enn å finne ein soljobb.

Fyrst prøvde han seg i Brazil, men der ville dei berre ha ei sterk og kraftig sol, og helst ei som kunne samba. I Spania ville dei ha ei macho sol som kunne varme opp badestrendene. Og i England ville dei ikkje ha noka sol, berre regn og tåke. Frankrike ville ha ei sol som drakk vin, og den vesle sola var alt for ung for slikt. I Austerrike ville dei at sola skulle ha på seg lederhosen, så den jobben ville den vesle sola ikkje ein gong søke på. Kina hadde allereie ein drage som gav dei alt lys og vamre dei ønska, India hadde alle stjernene i Bollywood og Japan hadde gatene fylte med reklameskilt. Ja, det såg mørkt ut for den vesle sola.

Det sto att berre ein jobb som ingen andre ville ha. Men den vesle sola var nøygdd. Det var ein deltidsjobb, langt oppe mot nord og riktig nok om natta.

No comments: