Tuesday, February 24, 2009

Vingard

When the vikings travelled west and discovered news lands, they also encountered a people who used a lot of vinegar on their food. Hence they called the new-found-land "Vingard" or "Vinland"

Saturday, February 21, 2009

Fairytale


It usually takes a (Harding-)fiddle for Norway to win the Eurovision Song Contest. Based on Norwegian folk music and featuring Norwegian folk dancing, written and performed by a Norwegian with Ukrainian roots playing said fiddle, I expect next year's Eurovision to take place somewhere in Norway.

Tuesday, February 10, 2009

Eg har vore mobbeoffer

Publisert i Vestlandsnytt 10.6.2009 - Published in Vestlandsnytt 10.6.2009: English translation will eventually come. Maybe.

Eg har vore mobbeoffer.

Mobbing tek mange former, og er i så måte vanskeleg å ta hand om utan å sjå det heilheitleg. Skulane har fått eit spesielt ansvar i høve mobbing blant unge, nettopp fordi det er der dei samlar seg store delar av dagen. Men skulen er ikkje den einaste staden at mobbing skjer. Det er eit fenomen som gjennomsyrer alle samfunnsplan, aldersgrupper og byråkratiske system. Men det tek altså forskjellige former.

Nettopp grunna denne formlausheita av fenomenet, er det vanskeleg å setje fingeren på ein spesifik definisjon (for ikkje å snakke om å kunne «bevise» at mobbinga skjer). Og utan ein god definisjon er det lett å fokusere på berre spesifike former og enkeltforekomstar. La meg gi ei kjapp innføring i dei enklaste formene i livssyklusen til mobbing – frå tida før mobiltelefonar og Internett.

I barneskulen er det meir vanleg med fysisk mobbing. Det skjer ofte i det skjulte, men enkelt å påvise når det vert så store skader at blåmerka byrjar å dukke opp på kroppen. På ungdomsnivået går det sakte over til verbal trakkasering, som er mykje vansklegare å påvise. Så kjem den sosiale utfrysinga og baktalinga på vidaregåande nivå. Med dette er ikkje slutten. Erfaringane vert gjerne nytta også i arbeidslivet, når ein ynskjer å «fjerne uønska element».

At dei yngste er mest umodne viser seg i det hyppigaste valet av mobbeform. Og nettopp derfor bør ein òg vere merksam at mobbeofferet ikkje nødvendigvis veit at det er mobba. Det kan faktisk gå fleire tiår før ein skjønar omfanget av kva som har skjedd.

Dei yngste veit heller ikkje nødvendigvis at der ER moglege inngrep for å stoppe mobbinga. Mange mobbeoffer fryktar at innblanding frå vaksne vil forverre situasjonen. Trass alt foregår både mobbinga og gjengjeldsaksjonar mot «tystarar» i det skjulte, utanfor vaksne sine synsfelt. Og til eldre ein vert, til meir rafinert vert mobbinga, vansklegare å bevise, umogleg å anmelde.

Når Eimar Hagen (Vestlandsnytt 6.2.09) viser til at talet mobbeoffer aukar, så kjem dette altså ikkje nødvendigvis av at fleire vert mobba, men kan like gjerne reflektere det at folk vert meir bevisste over mobbinga. Meir kjem fram i dagen, og det burde ein sjå på som ein positiv trend.

Paul Sundnes (Vestlandsnytt 6.2.09) viser til at skulen må oppdage (eller få beskjed om) mobbinga for at skulen skal kunne reagere. Men mobbeoffer vert etterkvart ekspertar i å halde maska. Då eg sjølv gjekk på vidaregåande, kunne hovudlæraren fortelje foreldra mine at eg alltid var så glad og smilande. Det kom eigentleg som ei bombe på meg, for eg visste at eg på svært mange måtar opplevde den vanskeligaste tida i livet mitt, og var urovekkande nær på å ta mitt eige liv. Det var utflytting og årevis i frivillig eksil som ikkje berre redda meg, men gjorde at eg etterkvart innsåg og forstod kva som hadde skjedd.

At mobbeoffer flyttar ut er den mest brukte «løysinga» på problemet. Mange mobbeoffer (og familiane deira) klagar ofte over at det er mobbarane som skulle ha vorte tvangsflytta, ikkje offera. Men spesielt i barnestadiet må ein vere merksam på at mobbarane er like umodne enn mobbeoffera. Dei manglar kanskje – sannsynlegvis – empati? Det må ein sjølverklært mobbar svare på, dersom dei hugsar det. Mi erfaring er at ein gjerne kan vere god kamerat på tomannshand, men konkurrere om kven som er flinkast å mobbe i gruppesituasjonar. Utflytting er altså ikkje ei «løysning» på noko som eg reknar som eit generelt samfunnsproblem.

Å «fjerne» mobbar eller mobbeoffer frå lokalmiljøet er inga løysing. Begge er knytt til det sosiale nettverket, begge har pårørande. Ei slik distansering er ei polarisering som er med på å bryte ned samfunnet. I staden må ein finne ein måte å føre partane til samarbeid.

Jane Elliott låg «ein pickup føre» då ho i 1968 byrja eit banebrytande rollespel-eksperiment for å bekjempe rasisme USA. I eksperimentet kunngjorde ho at folk med blå auge mangla pigmentar i augene som kunne beskytte hjerna mot stråling frå sola, og at dei derfor var dumme. Deretter lærte ho opp «brunaugene» å systematisk mobbe «blåaugene». Etter ei veke reverserte ho eksperimentet, slik at alle «brunaugene» fekk oppleve den same undertrykkinga. Resultatet var at alle utvikla empati og vart meir varsame for å ty til fordommar og oppføre seg diskriminerande mot andre.

Eksperimentet stigmatiserte både henne og familia hennar, noko som overbeviste henne om at arbeidet hennar var nødvendig. I dag lever ho av å gjennomføre eksperimentet på vaksne. Dei som har opplevd dette skjønar at det ikkje handlar berre om rasisme, men om all menneskeleg interaksjon. (Ref: http://www.janeelliott.com/ )

Når det kjem til stykket, er mobbing på barnestadiet eit eksperiment i strategisk maktmisbruk. Offera er dei som er strategisk enklast å mobbe, og har ingenting å gjere med det dei «offisielt» vert mobba for. Til dømes kan mobbeofferet verte mobba for å vere «feit», medan mobbaren faktisk er feitare.

I vaksen alder går teknikkane over til å verte operasjonell maktmisbruk for å sikre eigen posisjon i arbeidsplassen eller samfunnet. Til meir usikre dei føler seg, til meir trakkar dei på andre. Spesielt trakkar dei på medarbeidarar som dei meiner potensielt kan setje arbeidsplassen deira i fare og som derfor treng å få vite kven «sjefen» er. Igjen tek dette mange former. Organisasjonen Stopp JobbMobben (http://www.stoppjobbmobben.no/) har dokumentert eit titals former for mobbing på arbeidsplassen. Eg har sjølv opplevd nokre av dei.

Barn lærer lett av vaksne. Når vaksne baktalar andre og uttalar seg forutinntatt om einskildpersonar, så legitimierer vi barns eksperimentelle diskriminering av andre barn. Det gjeld ikkje berre foreldre, men også uttaler vi gjer i media og kallar «politikk».

Media lever av å sensasjonalisere, og prøver derfor å polarisere alle saker som skal fram i lyset. Slik er også media med på å legitimere ei generell haldning om «oss» og «dei» som motpartar. Dette har vorte så vanleg at vi ofte ikkje legg merke til det. Det er klart at slike polariseringar er slikt som barn kopierer i sin eksperimentelle leik med mobbing.

Ja, leik. Eg vil understreke at mobbing i barnestadiet er ein «leik» for mobbaren, fordi han/ho eksperimenterer med denne rolla. At det er ei katastrofe for mobbeofferet er sjølvsagt for oss med litt meir erfaring, men vi kan ikkje pålegge vår modning på det umodne barnet. Barnets leik er ein refleksjon av det barnet observerer i resten av samfunnet.

Mobbing og diskriminering i alle sine former bryt ned samfunnet. Framgang får vi gjennom samarbeid. Er det noko vi kan gjere for å bekjempe mobbing, så må det nødvendigvis byrje med å fremje empati og samarbeid framfor polarisering og konkurranse.

Her hadde eg tenkt å avslutte, men fekk ei påminning om at dette er vakre ord utan konkret tiltak. Takka vere «Manifest mot mobbing», er det i dag stor fokus og på å motarbeide mobbing i skulen. Eg trur dette vil ha avgrensa effekt, dersom vi ikkje evnar å sjå mobbing andre stader. Eg vil derfor utfordre alle til å kome med konkrete tiltak for å forebygge mobbing i si heilheit og dele forslag og erfaringar med alle.

Gard Abrahamsen Tuur-Eggesbø